Det du treng for å kome i gang, er eit produktnamn og ein pris. Her viser vi korleis du legg til eit enkelt produkt (Simple product):


1. Gå til kontrollpanelet

  • Klikk på Produkter > Legg til nytt produkt i menyen

2. Skriv inn namn på produktet

  • Øvst på sida, skriv inn namnet på produktet.


3. Legg inn produktbeskrivelse (valfritt)

  • Midt på sida, skriv inn produktbeskrivelse direkte eller lim inn ein førehandsskreve tekst i fana 'Kode'. 
  • Når tekst er limt inn i 'Kode' kan du endre tilbake til 'Visuell' for å legge inn eventuelle formateringar


4. Legg inn kort beskrivelse av produktet (valfritt) 

  • Midt på sida, under seksjonen 'Produktdata' ser du 'Kort beskrivelse av produktet'. Legg inn eventuell tekst her. 


5. Set prisen og legg inn eventuelt produkt/varenummer

  • Bla litt ned til du finn boksen som heiter Produktdata.

  • Under fanen Generelt, sjå at produktype er sett til Enkelt produkt (Simple product).

  • Skriv inn prisen i feltet som heiter Ordinær pris.

  • Under fana Lager, skriv inn potensielt varenummer i feltet Produktnummer

6. Legg til bilete

  • Til høgre på sida, finn boksen som heiter Produktbilete.

  • Klikk på Set produktbilete.

  • Vel eit bilete frå biletbiblioteket (Media Library), eller last opp eit nytt frå datamaskina di.

  • Klikk Bruk som produktbilete.


7. Vel produktkategori

  • Til høgre på sida, litt under produktbilete, finn Produktkategori
  • Huk av for ein av kategoriane som er lagt inn, eller trykk på '+ Legg til kategori' for å legge inn ein ny


8. Publiser produktet

  • Til høgre, i boksen som heiter Publiser, klikk på knappen Publiser.


9. Sjå produktet

  • Når produktet er lagra, klikk på Vis produkt øvst på sida for å sjå korleis det ser ut på nettsida.