Om du har ENGELSK som språk på Gravity Forms-modulen, gjer slik:
(for å endre til norsk, sjå lenger nede: Endre språk i Gravity Forms frå ENGELSK til NORSK BOKMÅL


  1. Gå til Forms i Kontrollpanelet.

  2. Lag eit enkelt skjema med t.d. namn, epost, telefon og fritekstfelt.

  3. Når du er inne og redigerer skjemaet, så hugs følgjande under Settings (står midt på, oppe på sida nedanfor Gravity Forms-logoen)  > Notifications > Admin Notification (epostmeldinga som du når nokon sender inn skjema). klikk Edit.

    Send To Mail: Di epostadresse

    From Email: ikkjesvar@nettstad.no
    (det er korrekt at adressa skal vere ikkjesvar@nettstad.no, ikkje endre det. Dette er fordi domenet nettstad.no er kvitlista, dvs. at det er mindre sjanse for at eposten blir flagga som spam.)

    Reply To: klikk på {··} oppe til høgre over feltet. Vel et skjemafeltet som heiter Email eller tilsvarande. Då vert det sett inn ein kode, t.d. {Email:5}
    (dette er epostadressa til den som har sendt inn skjemaet, og som kjem i Til-feltet om du svarar på skjemaoppføringa når den kjem i innboksen din.)
    Lagre, klikk: Update Notification.

  4. Viss du vil setje opp ein epost som innsendaren skal få som stadfesting, gjer slik:
    Setting (står midt på, oppe på side nedanfor Gravity Forms-logoen)for  > Notifications > Add New.

    Under Send To klikk Select a Field. Deretter: Klikk på feltet Select a Email Field og vel Email (eller tilsvarande).

    From Name: Skriv inn ditt eller di bedrift di/organisasjonen din sitt namn.

    From Email: ikkjesvar@nettstad.no
    (skriv det nøyaktig slik)

    Reply To: Di epostadresse

    I det nederste store feltet, Message, skriv ein tekst på norsk. Dette er den meldinga innsendaren får til sin epost, gjerne då ei stadfesting på at de har motteke skjemaet vedkomande har sendt inn.
    Legg gjerne til: 

    Her er det du har sendt oss:
    {all_fields}

    Då blir alle felta innsendar har fylt ut også sendt som stadfesting på epost til vedkomande.

    Lagre, klikk: Update Notification

  5. Legg eventuelt deretter inn norske tekstar under Bekreftelser og Epostmeldinger.

  6. Hugs også alltid å teste skjema og sjå at du får svar til den epostadresse du legg inn i skjemaet når du agerer "kunde", og at du får melding til den eposten du har lagt inn som mottakar hos dykk.


Om du har NORSK BOKMÅL som språk på Gravity Forms-modulen, gjer slik:

  1. Gå til Skjemaer i Kontrollpanelet.

  2. Lag eit enkelt standardskjema med t.d. namn, epost, telefon og fritekstfelt.

  3. Når du er inne og redigerer skjemaet, så hugs følgjande under Innstillinger (står midt på, oppe på sida nedanfor Gravity Forms-logoen) > E-postmeldinger > Admin Notification (epostmeldinga som du når nokon sender inn skjema). Klikk Rediger (Edit).

    Send To Mail: Di epostadresse

    Fra e-post: ikkjesvar@nettstad.no
    (det er korrekt at adressa skal vere ikkjesvar@nettstad.no, ikkje endre det. Dette er fordi domenet nettstad.no er kvitlista, dvs. at det er mindre sjanse for at eposten blir flagga som spam.)

    Svar til: klikk på {··} oppe til høgre over feltet. Vel et skjemafeltet som heiter Epost eller tilsvarande. Då vert det sett inn ein kode, t.d. {E-post:5}
    (dette er epostadressa til den som har sendt inn skjemaet, og som kjem i Til-feltet om du svarar på skjemaoppføringa når den kjem i innboksen din.)
    Lagre, klikk: Oppdater e-postmelding.

  4. Viss du vil setje opp ein epost som innsendaren skal få som stadfesting, gjer slik:
    Innstillinger (står midt på, oppe på side nedanfor Gravity Forms-logoen)for  > E-postmeldinger > Legg til ny

    Under Send To Field klikk Velg et felt. Deretter: Klikk på feltet Velg et felt av typen E-post og vel Epost (eller tilsvarande).

    Fra navn: Skriv inn ditt eller di bedrift di/organisasjonen din sitt namn.

    Fra e-post: ikkjesvar@nettstad.no
    (skriv det nøyaktig slik)

    Svar til: Di epostadresse

    I det nederste store feltet, Melding, skriv ein tekst på norsk. Dette er den meldinga innsendaren får til sin epost, gjerne då ei stadfesting på at de har motteke skjemaet vedkomande har sendt inn.

    Legg gjerne til: 

    Her er det du har sendt oss:
    {all_fields}

    Då blir alle felta innsendar har fylt ut også sendt som stadfesting på epost til vedkomande.

    Lagre, klikk: Oppdater e-postmelding

  5. Legg gjerne deretter inn norske tekstar under Bekreftelser og Epostmeldinger.

  6. Hugs også alltid å teste skjema og sjå at du får svar til den epostadresse du legg inn i skjemaet når du agerer "kunde", og at du får melding til den eposten du har lagt inn som mottakar hos dykk.

Sjå også:

Gravity Forms - opprette skjemamal
Viss du har tenkt å opprette mange skjema via Gravity Forms på nettstaden, så kan du lage ein skjemamal som gjer det lettare og raskare å setje opp kvart skjema. Eller du kan importere vår skjemamal.

Endre språk i Gravity Forms frå ENGELSK til NORSK BOKMÅL 

Alle hjelpeartiklar for Gravity Forms