1

Gå til innloggingssida

Opne nettlesaren og skriv inn adressa:

2

Logg inn

Fyll inn brukarnamn og passord på innloggingssida:

Brukarnamn

E-postadressa di eller brukarnamnet du har fått

Passord

Passordet du har laga deg

Klikk på «Sign in» eller trykk Enter.

3

Vel riktig nettstad

Øvst til venstre ser du kva nettstad du er inne på. Klikk for å byte nettstad.

MINNETTSTAD.NO

Slik ser nettstasveljaren ut øvst til venstre i Matomo

4

Juster tidsperiode

Øvst i midten kan du endre kva periode du ser statistikk for. Klikk på datoen for å velje ein annan periode.

2026-05-18— klikk for å velje dato eller periode
5

Les statistikken i dashbordet

Når du er logga inn, ser du eit dashbord delt inn i fleire område. Her er ei forklaring på kva du ser:

Graf over siste besøkØvst i midten

Viser kor mange som har besøkt nettstaden din over tid. Kvar prikk på linja er ein dag. Du ser raskt om trafikken aukar, minkar eller er stabil.

SiderMidten

Liste over kva sider folk har sett på. Kolonnane tyder:

SidevisningarKor mange gonger sida er opna
Unike sidevisningarKor mange ulike personar som såg sida
SprettfrekvensKor mange gjekk rett ut att utan å klikke vidare
Gj.snitt tid på sideKor lenge folk var inne på sida
InngangssiderMidten nedst

Viser kva side folk landet på då dei kom inn på nettstaden din. Høg sprettfrekvens her tyder at mange går rett ut att — det kan vere eit signal om at innhaldet ikkje møter forventningane deira.

Kart over besøkjandeØvst til høgre

Verdskartet viser kvar dei besøkjande kjem frå. Mørke område tyder fleire besøkjande. Du ser også eit tal øvst — til dømes «9 unike besøkjande» — som er summen for perioden du har valt.

EnhetstypeVenstre, nedst

Viser kva type einingar folk brukar — PC/skrivebordsmaskin, smarttelefon, nettbrett osv. Nyttig å vite om nettstaden din bør prioritere mobil eller desktop.

Besøk i sanntidVenstre, nedst

Viser dei siste besøka minutt for minutt med dato, klokkeslett og kvar dei kom frå (til dømes Google eller direkte). Du ser kva dei gjorde på nettstaden.

BesøksoversiktNedst til høgre

Samanfatning av dei viktigaste tala for perioden. Grøne tal viser endring frå same periode sist:

Besøk / unike besøkjandeKor mange gonger og av kor mange
BesøksvarigheitKor lenge folk er inne på sida i snitt
SprettfrekvensKor mange forlèt sida utan å klikke vidare
SidevisningarTotalt antal sider opna i perioden

Manglar du brukarnamn eller passord? Ta kontakt med Mediebruket, så set vi opp tilgang til kontoen din.





PDF-versjon: