Google har endra oppsettet sitt, slik at denne framgangsmåten ikkje stemmer lenger. Er du kunde hos Mediebruket kan du ta på support@mediebruket.no for å få hjelp til dette.
Google Maps Platform har endra pris- og betalingsplanane sine. Desse inneberer mellom anna at du må legge inn betalingsinformasjon for at kartet skal vise i det heile teke.
Dette betyr ikkje nødvendigvis at du vil bli belasta. Google gir deg $200 i kreditt per månad.
Gratis kreditt
Etter at du har registrert din betalingsinformasjon får du $200 per månad i kreditt frå Google Maps Platform. Dette dekker 28 000 førespurnader/besøkande i månaden frå nettstader som brukar dynamiske Google-kart, noko som tilsvarer om lag 900 daglege førespurnader. Deretter genererer du ein API-nøkkel. Denne API-nøkkelen må vere unik for kvar nettstad.
Opprette ny Maps JavaScript API-nøkkel, steg for steg
Klikk på “Get started” på denne nettsida
Vel produkt Maps
Lag eit nytt prosjekt
Legg inn betalingsinformasjon (opprett ein betalingskonto om du ikkje har dette frå før). Dersom du ikkje har betalingskonto, sjå neste punkt.
Opprette ny betalingskonto
Gå først til denne sida
Klikk “Add billing account”
Følg stega
Referanse: Rettleiing på å opprette ny betalingskonto (Google)
Kople betalingskonto til eksisterande prosjekt
Gå først til denne sida (Manage Billing Accounts)
Vel fana “My Projects”
Under “Actions” kan du velje å endre betalingskonto.
Sett betalingskonto når du har gjort dette
Referanse: Rettleiing for å kople betalingskonto til prosjekt (Google)
Begrens førespurnader per dag, steg for steg
For å unngå risikoen for å betale for kartvisningar over 28 000 visningar i månaden kan ein begrense førespurnader per dag til 900 visningar. Etter dette vil ikkje kartet bli vist, men ein garanterer då at ein ikkje må betale for det. Slik begrenser du tal moglege førespurnader steg for steg:
Gå inn her og vel eit prosjekt du ønskjer å begrense. Du kan også opprette eit nytt prosjekt. (Hugs at du må ha lagt inn betalingsinformasjon før du gjer dette.)
I boksen med tittelen “Map loads” vel du “Map loads per day” til høgre og klikker på blyanten for å redigere.
Skriv inn 900 (Dersom du har fleire prosjekt kopla til same betalingskonto skal desse til saman utgjere 900 dersom du ønskjer å unngå risikoen for betaling). Du kan ikkje skrive meir enn 1 her med mindre du har lagt til ein betalingskonto, og kopla betalingskontoen til prosjektet ditt.
Gi beskjed dersom de har spørsmål utover dette. Heldigvis skal de ikkje trenge å gjere dette meir enn ein gong. Når de har fått generert ein API-nøkkel kan de sende denne til support@mediebruket.no, så legg vi det inn på nettstad.