Om du har eksportert data til ei fil i csv-format, så er den ikkje leseleg i Excel dersom du dobbeltklikkar og opnar den. Du må anten importere i Excel og bruke vegvisaren der, eller bruke denne løysinga som er endå enklare dersom du har ein Google-konto (epost):
For å få leselege data frå csv-fil, gjer slik:
Logg inn her med Google/Gmail-kontoen din:
https://docs.google.com/spreadsheets/
Velg:
Fil > Importer > Last opp > last opp csv-fila > Automatisk (la Google gjere jobben med å lage rett format)
No skal dataene vere leselege.
Deretter kan du jobber vidare i reknearket, kopiere data, eller eksportere som Excel.
Sjå også: