Hensikta med Yoast SEO-plugin er å oppnå ei høgare rangering i søkeresultata på valgte nøkkelord, slik at potensielle kundar som søker etter produkt/tenester du tilbyr på Google finn deg. Inne på kvar side får du løpande tips frå verktøyet om kva du bør gjere for å nå målet ditt om ei høgare rangering.


Om Yoast SEO er installert på nettstaden din har du eit felt med tittel "Yoast SEO" under brødtekstfeltet: 



SEO


Focus Keyword/Fokusnøkkelord er ordene/ordet som best beskriv innhaldet på sida, og bør vere ord potensielle kundar bruker når dei søker etter tjenestene/produkta du tilbyr. Plugin vil kontrollere at du bruker dette nøkkelordet tilstrekkelig på sida, f.eks. i tittel, URL (lenke), innhald osv. for at du skal få belønning frå Google. Tilbakemeldingen ser du under "Focus keyword usage" på bildet over. 


SEO Title er tittelen som vil vise i Googlesøkeresultata, sjå forhåndsvisninga på bildet over. Det er viktig at du bruker valt nøkkelord (focus keyword) i tittelen. Om du gløymer det får du beskjed om det under "Focus keyword usage".


Meta description: Beskrivelsen som viser i Google sine søkeresultat. Same gjeld her, ta med valt nøkkelord (focus keyword). Her bør du skrive ein tekst som representerer innhaldet på sida, samtidig som du prøver å få med viktige nøkkelord som du veit potensielle kundar bruker i Googlesøk når dei er på jakt etter noko du kan tilby. Hugs at du alltid skal skrive med hovudfokus på potensielle kundar - ikkje roboten -teksten må vere leseleg og forståeleg. 


SEO-analyse



Under SEO-analyse får du tilbakemelding på kva som bør vere bedre for søkemotoroptimaliseringa, samt kva som er bra. Fargekoden indikerer status. 


Eksempelteksten over henviser til alt-tekst på bilder. Dette stiller du inn ved å gå til mediebiblioteket > trykk på det aktuelle bildet > legg til alternativ tekst. Det kan vere lurt å legge inn nøkkelordet du har valt på den konkrete sida som alt-tekst, men alt-teksten må også indikere kva bildet viser for å tilfredsstille kravet om universell utforming. Alt-teksten er usynleg på nettsida (utanom for dei som nyttar hjelpemiddel), men Google bruker det i si rangering.  


Til slutt ender du forhåpentlegvis opp med følgande varsel:



Lykke til!